- Vi er nøgd med å få alle gode krefter for utføring av støytiltak med på laget og no også dei lokale entreprenørane Fosenhus, seier eigedomssjef i Forsvarsbygg kampflybase, Carl Oscar Pedersen.
Fosenhus AS held til i Bjugn kommune og bedrifta har erfaring med støytiltak på hus i nabolaget til Ørland flystasjon frå tidlegare rundar for nokre år tilbake.
- Vi ser fram til å ta tak i oppgåva og å kome i gang, seier dagleg leiar, Håvard Sundseth.
Kontraktens størrelse er på ca. 30 mill. inkl. mva og inneheld tiltak på til saman 111 hus. Planlagt oppstart er i februar/mars og utføring er venta å pågå til april neste år.
Entrepriser støytiltak
Entrepriser for utføring av støytiltak er delt opp i ca. 12-15 uavhengige entrepriser. Til no er følgande bedrifter kontrahert:
Entreprise 1-3: Byggmester Strand AS
Entreprise 4: FVS Entreprenør AS
Entreprise 5: Byggmester Strand AS
Entreprise 7 er planlagt lyst ut på Doffin i mars. Den gjeld utføring av støytiltak på ca. 100 hus.
Status undersøkingar og tiltak
960 av til saman ca. 1300 undersøkingar for tiltak har per midten av februar blitt fullført, mens nær 100 har fått ferdig utført tiltak. Til saman er det per no ca. 440 hus som har fått, får eller ventar å få utført støytiltak.