Bilder av gjenstående tomter etter avhending.
Vi har ansvar for å gjennomføre innløysing og støytiltak på bustader utanfor Ørland flystasjon som del av utbygginga for dei nye F-35 kampflya. Oppgåva inneber òg ansvaret for å rydde opp og avhende bustader i raud støysone etter at dei innløyst og fråflytta. Dei fleste bustadene vil bli rivne eller flytta, medan nokon er òg verna.
Tilfører kommunen 65 daa dyrka mark
Landbruket er ein viktig ressurs for Ørland kommune og omgir òg store delar av flystasjonen. Dette er bakgrunnen for at vi under heile oppdraget med å byggje ut flystasjonen har hatt mål om å verne mest mogleg dyrka mark. Når vi no riv eller flyttar innløyste bustader, er det sett som føresetnad at areala som står igjen skal brukast til landbruksformål.
- Dette var etter at Forsvaret sitt behov, i tråd med offentleg avklaring, først var undersøkt, seier plan og utbyggingssjef Carl Oscar Pedersen. Kommunen vedtok så å nytte sin forkjøpsrett for alle dei aktuelle tomtene for vidaresal til nærliggande gardsbruk, fortel han.
Pedersen forklarer at dei totalt reknar med at det blir tilbakeført rundt 65 daa dyrka mark, noko som svarer til rundt 9 fotballbanar. Då er resten av tomta rundt bustaden òg tatt med. Hovudsakleg vil tomta bli tilbakeført til dyrkbar mark, men det kan òg bli snakk om beitemark, skogmark, industriformål eller næringsverksemd.
Ferdigstilt rivearbeid av den andre gruppa bustader
Når dei innløyste fråflytta bygga skal rivast eller blir flytta, blir dei samla opp gruppevis, knytt til entreprisekontraktar. I første omgang er det snakk om fire grupperingar med opptil 80 bustader. Fram til no har vi sluttført rivearbeid på to av fire gruppene med bustader. Den første gruppa var i hovudsak bustader plassert i Blomsterbyen på Uthaug, utført av Norsk Saneringsservice AS.
I desse dagar avsluttar vi arbeidet med den andre gruppa, som har bestått av prioriterte bustader langs vegane, over heile støysona. Tore Løkke AS har vore entreprenør.
- Vi starta med eit pilotprosjekt der vi samarbeida med kommunen om ein standard og vilkår for avhendingsarbeidet. Etter det har vi tatt for oss bustader som har vore fråflytta. Det har ikkje vore ønskeleg å ha bustader ståande tomme over lang tid, derfor har vi prioritert dei som har vore godt synlege langs vegane, og andre bygg som har stått utan brukt, fortel Pedersen.
Går i gang med tredje gruppe bustader etter sommaren
Fredag 5. juni signerte vi kontrakt med AF Decom AS for riving av den tredje gruppa bustader. Dette gjeld bustader og fritidsbustader spreidd rundt flystasjonen. Forventa oppstart av arbeida er i august. Etter dette vil det komma ein fjerde og mogleg ein femte entreprise. Den fjerde blir venta til sommaren 2021 - då bustadene framleis blir disponerte.
- Nøyaktig kor mange bustader som totalt vil bli avhenda er endå uavklart, men vi reknar med rundt 130 bustader som vil bli flytta eller rivne til saman, forklarer Pedersen. Kor mange det blir til slutt vil avhenge av mellom anna vernestatus, moglegheiter for flytting og disponeringsrett på bustadene. Uansett håper vi på ein jamn framdrift, med mål om å bli heilt ferdige i 2022-23, avsluttar han