Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Moglegheitsstudie for verna bustader i raud støysone på Ørland

Ørland kommune, Trøndelag fylkeskommune og Forsvarsbygg er samde om å lage ein heilskapleg plan for verna bustader som er innløyst i raud støysone på Ørland.

Partane hadde i vinter eit innleiande samarbeidsmøte om utfordringar og moglegheiter for dei verna bustadene som er innløyste i raud støysone på Ørland. Partane blei samde om at det er nødvendig å lage ein heilskapleg plan som dei er einige om for desse bygga.

Fleire bustader som er underlagt regionalt vern

I raud støysone tilbyr Forsvarsbygg frivillig innløysing av bustader, slik at bebuarane kan busetje seg ein stad som er mindre støyutsett. Alternativet er å halde fram med å bu i raud støysone, og få tilbod om støytiltak ned til 42 dB.

For dei innløyste bustadene er hovudregelen er at dei blir rivne eller flytta, men i raud støysone er det òg bustader som i kommuneplanens arealdel er underlagt regionalt vern. Dette for å verne kulturlandskap og kulturmiljø. Dei regionalt verna bustadene er ikkje tillatne rivne eller flytta, men skal bevarast der dei står. Det er òg lokalt verna bustader, som kan tillatast å flyttast.

Dei fleste verna bustadene er innløyst

Vi har no innløyst mange av dei verna bustadene, men det har vist seg krevjande å ta vare på dei på ein god måte, fordi moglegheitene for etterbruk har vore avgrensa.

- Det har ikkje vore ønskeleg å ha mange tomme bygg ståande rundt om på Ørland. Vi meiner at «bruk er det beste vernet». Forsvarsbygg skal ta vare på dei verna bygga, men vedlikehaldsmidla våre skal først og fremst gå til bygg og anlegg som Forsvaret treng, seier eigedomssjef Carl Oscar Pedersen.

Vil sjå på moglegheitene for å flytte regionalt verna bustader ut av støysona

Ørland kommune, Trøndelag fylkeskommune og Forsvarsbygg har komme til einigheit om å sjå på moglegheiter og konsekvensar ved å flytte fleire av dei regionalt verna bustadene ut av raud støysone, der alternativet er rivning eller bygg vil bli ståande tomme.

Studien vil mellom anna sjå på alternativ bruk på staden, moglege tomter bygga eventuelt kan flyttast til, og status for og etterbruk av desse flytta bygga. Målet er å komme fram til ei heilskapleg løysing som tek vare på dei verna bustadene på Ørland på best mogleg måte.

Samarbeidet er viktig for Forsvarsbygg

- Moglegheitene bør vurderast ut frå ein realistisk kost-nytte vurdering. Vi meiner òg at studiet bør sjå på ulike alternativ, slik som å vurdera om det er andre liknande bustader i området utanfor støysona som kan vernast. Slik kan vernet eventuelt hevast og bustaden derfor bli tillaten flytta eller rive, seier Carl Oscar Pedersen.

- Vi er glade for å bli samde om å sjå nærare på dette. Oppgåva vår er å handtere eigedomsforhold som vi har ansvar for rundt flystasjonen i samband med utbygging av flystasjonen. Vi treng å komme fram til gode løysingar og samarbeidet vårt med kommunen og fylkeskommunen er viktig. Dette samarbeidet for å ta vare på dei verna bustadene er meget positivt, seier Pedersen.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.