Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Basen - et kinderegg for Forsvaret

Forsvarsbygg har forenkla og effektivisert bustad- og kvartertenesta for Forsvare. No tek det berre seks minutt å søkje om forsvarsbustad, mot tidlegare tre timar.

- Då det vart klart at Forsvarsbygg skulle overta ansvaret for forvaltinga av bustad- og kvartertenesta i januar 2015,  såg vi med ein gong at det var nødvendig å få på plass ei lik løysing for heile landet. Å halde fram med ulik praksis og forskjellige system for kvar lokasjon, var ikkje føremålstenleg. Éin ting er at ein slik modell er dyr og ressurskrevjande. Minst like viktig var brukarane. Å orientere seg rundt i bustad og kvarter-terrenget var ikkje lett, og noko måtte derfor gjerast.

Dette fortel Cecilie Jentoft, som er leiar for bustad og kvarter i Forsvarsbygg. Løysinga vart digitalisering og standardisering der vi sette brukarane i sentrum. Då Basen vart lansert i januar 2015, var det altså Forsvaret sjølv som hadde vore med på å skreddarsy løysinga.

Kinderegget
Over natta hadde vi etablert éin stad for å booke og betale for overnatting, ei svært forenkla løysing for å setje opp ein bustadsøknad og ein forbetra måte å melde i frå om feil og manglar til Forsvarsbygg på.

Ved utgangen av 2015 hadde Basen meir enn 5 000 registrerte brukarar, og tilbakemeldingane frå Forsvaret har nesten utelukkande vore svært gode.

- Dette stadfester at vi har laga ei teneste som dekkjer eit behov hos våre bebuarar og leigetakarar, held Cecilie fram.

Basen får internasjonal merksemd
Forenkling, brukartilpassing og optimalisering har frå starten vore sentralt i utviklinga av Basen. Det var derfor spennande å bli oppmoda om å melde prosjektet på den årlege internasjonale meisterskapen i tenestedesign, IxDA Awards.

Blant fleire hundre bidrag stod til slutt Basen igjen som éin av fem finalistar i klassen for optimalisering. Sjølv om vi måtte sjå oss slegne på målstreken, meinte den internasjonale juryen at Basen var den absolutt sterkaste kandidaten blant dei innsende prosjekta, når det kjem til optimalisering isolert sett.

Juryen var imponert over resultata som var oppnådde på så kort tid. Dette beviser at måten Forsvarsbygg og leverandøren Itera har tilnærma seg prosjektet på, har fungert. Basen er eit synleg bevis på at det fungerer å tenkje brukarfokusert!

- Vi er veldig stolte over at Basen har vekt internasjonal oppsikt, men vi har vore mest opptekne av å gjere kvardagen for tilsette i Forsvaret enklare, samtidig som vi jobbar meir effektivt. Vi er framleis i startgropa, men med dette melder vi oss for alvor på digitaliseringskappløpet i offentleg sektor, seier Cecilie Jentoft.

Basen blir utvikla vidare og omfattar frå 2016 også tenester til andre brukargrupper i Forsvaret.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.