Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

LANDSDEKKJANDE LIK BUSTAD- OG KVARTERTENESTE

I 2015 overtok Forsvarsbygg bustad- og kvarterforvaltinga frå Forsvaret, og starta arbeidet med å utvikle ei landsdekkjande lik teneste.

1. januar 2015 vart forvaltingsansvaret for forsvarssektoren sine bustader og kvarter overført til Forsvarsbygg. Dette inneber at Forsvarsbygg no tek hand om alle oppgåver og forhold rundt utleige av bustad og kvarter, og er leigetakar sitt kontaktpunkt knytt til leigeforholdet. Forsvarsbygg har også ansvaret for korttidsutleige av kvarter.

Forsvaret er framleis ansvarleg for bustadpolitikken. Dette inneber at Forsvaret framleis set føringane for butilbodet, avgjer kven som er i målgruppa og fastset kva den enkelte skal betale i husleige.

Digitalisering og standardisering

Vi såg med ein gong at det var nødvendig å få på plass ei lik løysing for heile landet. Å halde fram med ulik praksis og forskjellige system for kvar lokasjon, var ikkje føremålstenleg. Målet vårt er å tilby ei landsdekkjande lik og effektiv teneste, slik at leigetakarar og gjester veit kva dei har å halde seg til, uansett kvar dei skal tenestegjere. Dette er også kostnadseffektivt for forsvarssektoren som heilskap, seier Cecilie Jentoft, leiar for bustad- og kvartertenesta i Forsvarsbygg.

Løysinga vart den digitale og brukarvenlege tenesteportalen Basen.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.