Kontrakten består av utbetringsarbeid etter garantisynfaring i entreprise 5 og entreprise 9. Byggmester Strand og Einar Brekstad AS var entreprenørar for høvesvis entreprise 5 og 9, men kontraktane vart heva, og det var derfor behov for å inngå ein ny kontrakt.
Kontrakten gjeld 184 bustader
Kontrakten for denne 15. entreprisen blei inngått med FVS Entreprenør AS, måndag 2. mars. Kontraktsummen er på om lag 1,4 millionar kroner inklusiv mva og gjeld til saman 184 bustader.
- Aktuelle utbetringar kan vere justering av vindauge og dører, kontroll og tetting rundt vindauge, dører og ventilar og andre mindre bygningsmessige arbeid. Vi er nøgd med å inngå avtale med FVS Entreprenør AS, som vi har god erfaring med i frå entreprise 4 og 7, seier eigedomssjef Carl Oscar Pedersen.
Utfører støytiltak på bustader i gul støysone
Forsvarsbygg utfører støytiltak på bustader i gul støysone rundt flystasjonen som ein del av oppdraget med å byggje ut Ørland flystasjon for nye F-35 kampfly. Dette er vedtatt i reguleringsplanen med bestemmingar for å oppfylle krav til innandørs lydnivå. Om lag 750 bustader har etter synfaring fått tilbod om støytiltak og vi har fullført tiltak på 720 bustader per 1. mars 2020.