Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Halvveges med støytiltak

Vi er godt over halvveges med støytiltak på bustader rundt Ørland flystasjon. Denne veka inngjekk vi kontrakt med Rædergård Entreprenør for den tiande entreprisen på støytiltak.  

Det går raskt framover med utføring av støytiltak på Ørland. Total 400 bustader er no overlevert ferdig til huseigar etter å ha fått utført støytiltak.

Mange bustader i prosess

Multiconsult, som gjer utgreiingsarbeidet for Forsvarsbygg, var ferdig med alle synfaringane hausten 2018. Resultatet var at totalt cirka 800 får tilbod om støytiltak. Så mange som 290 bustader er no i prosess med utføring av støytiltak.

- Mange av desse vert ferdigstilt i løpet av våren og mot sommaren. I alt er målet at alle bustader som har krav på støytiltak skal få det innan utgangen av året og dette ligg vi an til å nå, seier eigedomssjef Carl Oscar Pedersen.

Nøgde

- Utføring av støytiltak går som det skal og inntrykket vårt er at dei aller fleste er godt nøgde, fortel Carl Oscar Pedersen vidare. Vi håpar at innbyggarane på Ørland ser på det som eit positivt tiltak at dei får støyreduserende tiltak, uttrykkjer han.

Ny aktør på støytiltak med på laget

Torsdag 24. januar inngjekk vi kontrakt med det lokale firmaet Rædergård Entreprenør AS for den tiande entreprisen på støytiltak. Dette er den første kontrakten vi inngår med entreprenøren på støytiltak utanfor flystasjonen.

- Kontraktsum er ca. 7,1 millionar kroner inkl. mva og entreprisen omfattar 32 bustader. Oppstart vert om lag 2 månader etter kontraktinngåing, fortel Pedersen.

No gjenstår det kun ein eller to entrepriser igjen. 

- Dette tyder at vi no, sett bort i frå fritidsbustader, nærmar oss slutten av arbeidet med støytiltak på Ørland, seier Pedersen.

Vidare prosess for fritidsbustader

- Når det gjeld fritidsbustader ynskjer vi å koma i gang så raskt som mogleg. Først vil vi gjera nokon avklaringar med Ørland kommune. Når dette er gjort vil vi gå raskt ut med relevant informasjon til aktuelle fritidsbustadseigarar, fortel Pedersen.

Førebels plan for oppstart med synfaring er andre halvdel av 2019 og oppstart utføring av støytiltak i byrjinga av 2020. 

- Fram til då er vi tilgjengeleg på e-post eller på prosjektkontoret vårt i Meieriveien 5 på Brekstad, avsluttar Pedersen.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.