Miljøkartlegging
Dette er tøffe forpliktingar som vi tek på alvor. Difor kartlegg vi miljø og mogleg forureining for kvar einskild eigedom som skal avhendast. Miljøkartlegginga omfattar:
- Opplysningar om tidlegare aktivitetar i området (t.d. verkstadverksemd)
- Synfaring av eigedomen
- Registrering av grenseflatene (t.d. naboforhold)
- Miljøundersøkingar (prøvetaking med analyse)
Resultata frå denne kartlegginga dannar grunnlaget for eventuelle vidare tiltak.
Tiltaksplan og søknad om tiltak
Dersom vi finn forureina masser, utarbeider vi ein detaljert plan for korleis dei skal fjernast og deponerast. Planen må godkjennast av forureiningsstyresmaktene før arbeidet kan starte.
Sluttrapport
Etter at oppryddinga er ferdig, utarbeider vi ein sluttrapport som blir overlevert til forureiningsstyresmaktene. I mange tilfelle gjer vi målingar i ettertid for å slå fast at tiltaket har hatt den ynskte effekten. Ei slik oppfølging strekkjer seg gjerne over ein periode på 2–5 år.