Vardåsen fort rydda og sikra
Arbeidet med å rydda og sikra Vardåsen/Astridfort i Kongsvinger vart avslutta i september 2011.
Vi har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp før vi sel.
Arbeidet med å rydda og sikra området vart utført i tråd med retningsliner for sikring av militærhistorisk landskap. Føremålet med oppryddinga var å sikre Forsvarets tidlegare anlegg på ein måte som ikkje ville utgjere nokon fare for framtidig ferdsle.
Følgjande tiltak er gjennomført på Vardåsen:
- Gamal ljosløype er fjerna
- Tre mindre betongbygg er fjerna
- Fleire mindre trebygg (5-10 kvm) er fjerna
- Gamal piggtråd frå 1905 er fjerna
Publisert: torsdag 19. mai 2011 Sist endret: tirsdag 15. januar 2019