Vardås er rydda og sikra
Arbeidet med å rydde Forsvarets areal på Vardås vart avslutta våren 2011. Eit bygg er rive og gjerde er fjerna.
Vi har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp før vi sel.
På Vardås har vi utført følgjande tiltak:
- Vi har rive eit mindre kontorbygg, 64 kvadratmeter på toppen av fjellet
- Vi har fjerna to kilometer med gjerde frå området og og opna det for publikum
- Vi har rydda og sikra tre kanonstillingar og tilhøyrande ammunisjonslager
- Arbeidet er utført i samarbeid med antikvarisk styresmakt då området har fått status som militærhistorisk kulturlandskap.
Tilbakeblikk
Vardås vart anlagt i 1944 av tyskarane under andre verdskrigen som en del av eit system av militære punkter. Eigedomen er seinare brukt av Forsvaret, bl.a. som radiostasjon.
Det militærhistoriske landskapet består dels av naturlege, dels av støypte høgder der stillingar er plassert. Det var tre 38 cm kanoner som er fjerna frå området. Desse hadde ei rekkevidde på 42 km. Alle spor etter militær aktivitet på eigedomen inngår i vern av det militærhistoriske landskapet.
Publisert: fredag 1. april 2011 Sist endret: tirsdag 15. januar 2019