Tittelsnes skytebane er miljøsanert
Skytefeltet vart oppretta i byrjinga av 1950-talet og har vore i bruk av Forsvaret frem til 2005. Arbeidet med å miljøsanera forureina grunn vart avslutta i oktober 2013.
Vi har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp før vi sel.
Tittelsnes/Gramshaug feltskytebane ligg hjå det gamle tyske fortet på Tittelsnes ved Bømlo i Hordaland.
Vi har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp før vi sel.
I hovudsak har området vore øvingsfelt for handvåpen. Det er her blitt skutt mot ein kulefangarvoll og inn i massar med myr.
Storleik og eigarforhold
Sjølve skytebaneområdet dekker 62 dekar og er i sin heile leid av Forsvaret.
Ryddeomfang og forureining
I 2010 vart bygningsmasse, løpegraver og utrygge installasjonar som ikkje var relatert til skyteaktiviteten, rivne og sikra.
I det sentrale baneløpet måtte vi skifte ut mykje masser som var forureina av tungmetallar. Vi gjennomførte kartlegging av to skytebanar i området, og søkte om tiltak for å behandle forureina grunn. Vurderinga synte at skytebana ikkje var eit farlig område, men tiltak vart satt i verk slik at området ved skytebanane kan nyttast som friområde av lokalbefolkninga.
Framdrift/prosess
Riving og sikring på området vart gjennomført i 2012. Miljøsanering av skytebanane vart gjennomført i 2013.
Publisert: tirsdag 22. mars 2011 Sist endret: tirsdag 15. januar 2019