Tanahus leir friskmeld
Tanahus vart friskmeld etter ein omfattande ryddejobb i 2010.
Tanahus er ein tidligare militærleir som vart seld i 2007. Den har seinare vorte seld stykkevis og delt. Hausten 2008 oppdaga ein av dei nye eigarane at det var grave ned en del ting som han ikkje ønska å ha på sin eigedom. Han kunne sjå ein del rustne tønner og batteri.
Vi blei kontakta angåande funnet, og sette i verk prosessen med å få rydda opp i dette.
Videre kartla vi omfanget, og prøver vart tatt av både avfall og jordsmonn. Ein oppryddingsplan vart utarbeidd og sendt ut på høyring og deretter godkjend av Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).
Oppdraget vart deretter sendt ut på anbod og SP Maskin AS frå Harstad fekk jobben.
Fem vogntog i aksjon
I løpet av kort tid fjerna vi:
- 2,6 tonn metall
- 1,5 - 2 tonn batteri
- ca 150 liter spillolje
- ca 120 tonn oljeforureina masse
Fem vogntog køyrde til spesialdeponi i Mo i Rana med forureina masse. Deretter vart det påført ny masse, slik at området i dag er klar til ny bruk.
Vi avslutta jobben hausten 2010.
Litt historikk
Tanahus ligg på vestsida av Tanaelva, nord for Ruostefielbma. Leiren blei etablert i byrjinga av 1950-talet, og det var militær aktivitet der fram til 1997. Frå 1997 til 2006 vart leiren leigd ut til Tana kommune, før den ble seld til Tanahus AS i 2007.
Bygningsmassen i leiren er dag nytta til bustad- og næringsføremål. Deponiet som vart avdekka under gravearbeider sommaren 2008, har tidligare vært ukjend for Forsvarsbygg. Det aktuelle området (deponiet) ligg rett nord for en bygning som tidligare var verkstad for militære køyretøy.
Publisert: torsdag 31. mars 2011 Sist endret: tirsdag 15. januar 2019