Midtsandan øvingsområde rydda
I dag er området i ferd med å bli utvikla til eit attraktivt strand- og friluftsområde for allmenta.
Storleik og eigarskap
Direktoratet for naturforvaltning (DN) eig i dag det 160 dekar store området, etter å ha overteke det frå oss i 2005.
Forureining og omfanget av/behovet for rydding
I 2005 stod vi for rivinga av ein del kondemnabel bygningsmasse før området blei selt til DN. Etter at det blei teke prøver i 2007 og 2008 starta tiltaka i forureina grunn i august 2009.
Malvik kommune som forureiningsstyresmakt hadde gjeve løyve til tiltak i tre delområde:
- Fjerning av tungmetallforureina jord ytst på tangen
- Oppgraving av skrot/søppel og forureina jord i deponi i brinken
- Oppgraving av to mindre lokalitetar ureina med olje på grunn av verkstaddrifta
Anna gravearbeid avdekte dessutan ein annan mindre oljelekkasje.
Framdrift/prosess
I november 2010 fjerna vi kring 1 900 tonn forureina massar i brinken og på tangen. Det blei òg gjort ei utvida kartlegging av sediment kring Midtsandtangen. Resultata synte at det ikkje er helsefare for menneske eller fare for miljøet, då prøvene for det meste synte reine sediment.
Områda på land er rydda, og sjøområda kring er kontrollerte slik at dei tilfredsstiller krava til den framtidige bruken av området som friluftsområde.
Publisert: torsdag 24. mars 2011 Sist endret: tirsdag 15. januar 2019