Marvika i Kristiansand friskmeld
Det omfattande arbeidet med å støvsuge botnen i Marvika er avslutta, og området er friskmeld.
Bare i løpet av sommaren 2010 vart det utført over 1 600 trekk som svara til ca. 10 mil. Vi har støvsuga 70 000 kvadratmeter sjøbot og ca 25 000 kubikkmeter masse er levert til deponi og 200 kubikkmeter skrot og søppel har blitt tatt opp frå sjøen og levert til mottak.
- Vi har bokstaveleg talt snudd kvar ein stein. Eg takkar samarbeidspartner Seabed Services som har stått på båe under og over vann i nærare to år og i all slags vær frå -20 til +30 grader utan eit einaste uhell. Marvika overleverast ren og fri for restriksjonar til befolkninga i Kristiansand, sier prosjektleiar Thomas Getz.
Spesielle utfordringar i prosjektet
Arbeidet med å støvsuge sjøbotnen i Marvika blei satt i gong i 2009. I juni same år vart 80 % av området friskmeld. For dei resterande 20 % var tilstanden til dels forverra i forhold til førehandskartlegginga. Det ble lagt ned store ressursar for å finne årsaken til dette.
Skjulte kjelder med forureining
Det vart avdekka områder med oljelikande materiale som hadde trekt ned i sandlag og delvis danna kaker av sand og olje, delvis skjult under stein og skrot. Utstyret som var nytta hittil, var ikkje i stand til å fjerna dette materialet då utstyret berre var konstruert for flyktige massar.
Høg risiko for spreiing til reine område
Utfordringa låg i korleis den nye kjelda til forureininga skulle handterast utan å spreie forureininga til allereie rene område. Ved både tildekking og grabbing kunne det medføre betydeleg oppvirvling av massane.
Løysing - OFU prosjekt utvikling av ny rigg - same konsept
Prosjektet vart stansa i en periode for å jobbe nærare med aktuelle løysingar. Det vart inngått ein forskings og utviklingsavtale (OFU) med Seabed som i løpet av relativt kort tid utvikla ein ny mudringsrigg som kunne handtera massane og samtidig ta i vare i dei strenge miljøkrava som Fylkesmannen i Vest-Agder hadde satt for tiltaket.
Testfase viste gode resultat
På grunn av sterk kulde og is blei uttestinga av ny løysing utsatt til våren 2010. Men testinga viste at spesifikasjonane var oppfylt og områder som sto att kunne remudrast hausten 2010.
Publisert: mandag 21. mars 2011 Sist endret: tirsdag 15. januar 2019