Riving utført på Karljohansvern og Østøya
Vi har rive sambandsbunkeren i Nedre vei på Karljohansvern. 3.000 kubikk med godt armert betong er fjerna.
Fleire anlegg på Østøya er også rivne. Arbeidet vart sluttført desember 2012.
Vedtaket om å riva sambandsbunkeren vart gjort då det ikkje lenger var behov for bunkeren i Forsvarets teneste. I tillegg stod anlegget til nedfalls og var lite egna for anna sivil etterbruk. Det var også ynskjeleg å byggje opp att den gamle vollen.
Følgjande anlegg er rivne på Østøya:
- Eit minemagasin
- Fem ammunisjonsbunkre
Arbeidet vart utført i samarbeid med antikvarisk styresmakt.
Publisert: onsdag 11. april 2012 Sist endret: torsdag 6. juli 2017