Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Håøya ved Drøbak rydda og sikra

Arbeidet med å rydde og sikre Forsvaret sitt område på Håøya i Drøbak vart avslutta hausten 2011.

Området har vore rydda og vegetasjon i og nær objekta vart fjerna før området vart sådd.  Ni gamle bygg, totalt 175 m2,  vart rive og gjerder kring Trondstadbukta har vore fjerna. Vi har fjernet: 35 tonn/ 135 m3 stål (piggtråd og gjerde) frå naturen, ca. 200 m3 treverk, ca. 50 tonn betong og tegl og ca. 35 m3 blanda avfall. Vi har vidare stengt dei gamle festningsanlegga med gitterporter.

 – Jobben med å rydde batteria har vore både utfordrande og kjekt, seier prosjektleiar Trond Nordby i Forsvarsbygg. Når vi nå ser kor flott det er, kan vi ikkje være anna enn nøgde, seier han.

Alle disse arbeida er gjort i tett samarbeid med Riksantikvaren og Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

Området skal overførast til Direktoratet for Naturforvaltning. 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.