Buarøy og Visterøy er rydda og sikra
Arbeidet med å rydde og sikre det militære området utanfor Bergen vart sett i gang i 2010, og sluttført sommaren 2013.
Buarøy og Visterøy like utanfor Bergen har vært eit militært område helt sidan andre verdskrigen. Det har hittil ikkje vært muleg å leggje til eller nytte seg av desse kystperlene like utanfor Bergen, men nå er området opna opp for fri ferdsel.
Ikkje meir piggtråd
- Vi starta med reinsing av området allereie i fjor sommar og har til nå fjerna 42,1 tonn med piggtråd frå området, seier vår prosjektleiar, Harry Hellebust. Dette utgjer om lag tre kilometer med piggtråd.
I tillegg er 24,3 tonn anna jernskrap fjerna frå området. Løpegraver er fjerna og sperrestillingar er sikra. Kystbatteriet på Buarøy vart etablert i mai 1941 under General von Falkenhorst sin leiing. Øya har i dag status som militærhistorisk landskap i verneplanen.
Publisert: mandag 21. mars 2011 Sist endret: tirsdag 15. januar 2019