Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Sjukestua på Bømoen er renovert

Den gamle sjukestua på Bømoen har fått eit andletslyft. Bygninga frå 1919 behøvde sårt ei istandsetjing både innvendig og utvendig.

 

Arbeidet med å rehabilitere sjukestua vart utført saman med fylkeskonservatoren i Hordaland. 

Tiltaka vi har fullført:

  • Råteskada bordkleding er erstatta med ny
  • Vindauge og dører er rehabiliterte
  • Tak er sett i stand
  • Det elektriske anlegget er skifta ut
  • Tomt er rydda

Verna

Sjukestua er verna både innvendig og utvendig og var ein del av Bømoen leir som var ei ekserserplass for Sogn bataljon. Stua er i nordisk nybarokk stil.

Bømoen leir vart bygt i 1899 og ligg ved utløpet av Raundalen, 4,5 kilometer nordaust av Voss sentrum.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.