Tiltak i Steinkvanndalen ikkje naudsynt
Steinkvanndalen skytefelt ligg på Kvamskogen i Hordaland. Siden 1960-talet har Heimevernet nytta feltet til vintertrening med beltevognkøyring og manøvrering i terrenget.
Feltet har ingen opparbeidde banar eller anlegg, men delar av terrenget har vorte brukt som kulefang.
Storleik og eigarforhold
Området dekker 750 dekar og ligg i si heile leigd grunn.
Forureining og ryddeomfang/-behov
Kartlegginga har konkludert med at det er svært avgrensa områder som er råka av skyteaktiviteten, og at eventuelle tiltak vert sett på som meir skadeleg for naturområdet enn å la det liggje i ro.
Framdrift/prosess
Det ble tatt ut prøver av vatnet i 2007, og i to rundar i 2009. Prøvene syner svært låge konsentrasjonar av metaller.
Feltet vart overvaka vidare i 2010. Prosjektet er no avslutta.
Publisert: tirsdag 22. mars 2011 Sist endret: torsdag 6. juli 2017