Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Opprydding Gurulia og Bue-Nebb

I 1975 tok Gurulia skytebane over for skytebana Bue-Nebb, som blei etablert i tilknyting til Hysnes Fort på slutten av 1800-talet. Vi starta arbeidet med å sanere skytebanene i oktober 2013.

Vi har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp før vi sel.

Gurulia skytebane har vore brukt av Heimevernet fram til no, medan Bue-Nebb blei avvikla i 1975. Begge banene blei brukte til skyting med handvåpen.

Storleik og eigarskap
Forsvaret eig all grunnen ved Gurulia skytebane – til saman 59 dekar. Bue-Nebb skytebane er omtrent like stor, men strekkjer seg over mange ulike grunneigedomar med ulike servituttar og leigeavtalar.

Forureining og omfanget av/behovet for rydding
Vi har rydda standplass og bygningar, i tillegg til å sanere forureina grunn frå både Gurulia og Bue-Nebb.

Framdrift/prosess
Del 1 av prosjektet er avslutta. Det blei gjennomført utvida prøvetaking for tiltaksplan i 2010/11. Tiltaksplanen vart ferdig sommeren 2013, og søknadsprosessen er nå satt i verk. Tiltaka skal startar oktober 2013 og vart i 2014.

Del 2 av prosjektet, som omhandlar leirduebana, starta i november 2016 og sluttførast i 2017.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.