Då Stortinget handsama salet av Østre Bolærne i 2004, bad Stortinget om ei oversikt over dei forsvarseigedomane som skulle avhendast, der salet fekk innverknad på allmenta sin tilgang til friluftsliv eller kulturhistorie. På bakgrunn av dette samarbeider vi med Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Statskog om å fastslå kva for eigedomar ein bør sikre at blir verande i offentleg eige, delvis ved sal til kommunane.
25 000 dekar sikra for allmenta
I alt har ein sikra omlag 25 000 dekar, eit areal som svarer til 3500 fotballbaner, fordelt på 68 eigedomar over heile landet, som friluftsområde for allmenta. Dette er eigedomar som tidlegare har vore brukte av Forsvaret, og der allmenta difor har hatt avgrensa eller ingen tilgjenge. Slik har ein sikra at folket får bruke unike naturperler, strandsoner og utkikspunkt i overskodeleg framtid.
Nokre av desse eigedomane har allereie vore opne for allmenn ferdsel ei god stund. Andre eigedomar er nyst rydda for piggtråd og tilgjenge forbode-skilt. På denne måten bidreg vi og DN, saman med ei rekkje kommunar, til å gjere desse naturperlene tilgjengelege for allmenta.