Nye og eksisterande bygg, anlegg og uteområde, som er retta mot ålmenta, skal vere universelt utforma. Dette vil seie at bygg som er i alminneleg bruk, skal utformast slik at alle menneske skal kunne bruke dei på ein likestilt måte. Lov om tilgjenge og universell utforming gjeld for nybygg og større ombyggingar, men også eldre bygningar som skal vere tilgjengelege for publikum.
Derfor er ei rekkje kyrkjer og andre offentlege bygningar vortne lagde til rette for å sikre universelt tilgjenge. Det kan til dømes vere etablering av heis eller rampe, merking for synshemma osv.