Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Fakta om Forsvarsbygg

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren. Vi er underlagt Forsvarsdepartementet. Vi etablerar, held oppe og rettar opp igjen forsvarssektorens eigedom, bygg og anlegg i fred, krise og krig. 

Vi vart oppretta i 2002, og er i dag den største offentlege eigedomsaktøren i Noreg. 

I dag varetek vi Forsvaret sine behov gjennom planstyrt vedlikehald og fornying av den totale eigedomsporteføljen med 12 829 bygg og anlegg, på totalt 4 027 085 kvadratmeter bygningsmasse, fordelt over heile landet.

Dei totale kostnadene for 2023 var 11,7 milliardar kroner. Sidan 2001 har vi avhenda 3,1 millionar kvadratmeter ikkje føremålstenleg eigedom. Sal av eigedom har gjort at forsvarssektoren har fått attende rundt 5,8 milliardar kroner netto til høgare prioriterte oppgåver.

Forsvarsbygg er byggherre for ca 400 pågåande investeringsprosjekt i forsvarssektoren, og enkelte prosjekt for andre sektorar. I 2023 gjennomførde vi byggeprosjekt for om lag 5,4 milliardar kroner.

Vi hadde i 2023 1 557 tilsette fordelt på 1 478 årsverk. Talet tilsette vil auke i åra framover med innfasing av reinhold, og vekst i sektoren.

Vi er til stades der Forsvaret er. Hovudkontoret vårt er i Oslo.

 

Plassen vår i sektoren

Forsvarsbygg er ein offentleg etat, underlagt Forsvarsdepartementet.

Til saman er det fire etater i forsvarssektoren: ForsvaretForsvarsmateriell, Forsvarets forskingsinstitutt og Forsvarsbygg.

Forsvarsbygg sin organisasjon

Visste du at

EBA (Eigedom, bygg og anlegg) er ein av fire sentrale ressursar for forsvaret av Noreg. Forsvarssektoren har som mange andre statlege sektorar vald å samle all forvalting av bygg og eigedom i en felles etat med spisskompetanse på området. Forsvarsbygg er forsvarssektorens EBA-aktør.

Fant du det du lette etter?