3,3 millionar menneske besøkte ei festning i 2015. Eit fantastisk høgt tal og ein auke på 700 000 frå tidlegare år.
Det er fleire årsaker til at besøkstala stig: Festningane totalt sett tilbyr fleire aktivitetar enn nokosinne, fleire festningar blir tekne i bruk som heilårsfestningar gjennom aktivitetar og aktørar med heilårstilbod. I tillegg melder norsk reiseliv om eit rekordår i tilstrøyming av turistar til landet vårt.
Høge besøkstal og tilfredse kundar over tid
Jamlege målingar viser at dei besøkjande er svært nøgde med det som møter dei på festningane. Personar som har besøkt festningane mange gonger, er dei mest tilfredse og blant dei som nyttar seg av ulike type tilbod under festningsbesøket, som museum, konsertar eller kafébesøk. Publikum verdset tilboda om bevertning, og reinhald og vedlikehald på festningsområdet er viktig. Hovudårsaka til besøk på festningane er dei flotte rekreasjonstilboda deira, men stadig fleire kjem også for å oppleve kunst og kultur.
Unike kultur- og næringsarenaer
Fleire festningar har etablert seg som viktige konsertarenaer, som Bergenhus med store internasjonale stjerner, Fredriksten med Tons of Rock og Allsang på Grensen og Oscarsborg med sin opera. Festningane er vortne viktige kultur- og næringsarenaer i sine regionar og etablerer seg i aukande grad som viktige destinasjonar.
Fredriksten – ei føregangsfestning
Fredriksten festning har på få år skifta ham frå rolla som eit historisk smykke på byens tak til ein moderne samlingsplass for kultur- og næringsliv, haldensarar og tilreisande - året rundt. Gjennom ei planlagd destinasjonsutvikling har Halden fått ei heilårsfestning som skaper liv i byen, fantastiske kulturopplevingar, inntekter til kommunekassa og ein inngangsport til alt det andre byen har å by på - sommar som vinter.
Ein nøkkel til suksess ligg i det gode samarbeidet Forsvarsbygg nasjonalt festningsverk (NFV) har med lokalt kultur- og næringsliv, Halden kommune og Østfold fylkeskommune. Det kostar å utvikle og vedlikehalde ein moderne turistdestinasjon ut av eit over 300 år gammalt festningsverk, og budsjettet og rammevilkåra våre set avgrensingar for kva vi klarer på eiga hand. Derfor inngår NFV samarbeid med private aktørar for både utleige og utvikling.
Får til meir saman
Vi meiner dette er ein vinn-vinn-situasjon: For ein næringsaktør vil føremålet med å investere i festningsarenaer alltid vere å sikre ei berekraftig utvikling. Samtidig er desse aktørane grunnleggjande interesserte i å bidra til å utvikle festningsområdet til beste for lokalsamfunnet. Eit godt døme er utviklinga av kasernen til det moderne Fredriksten festningshotell i samarbeid med ein lokal næringslivsaktør.