Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

INNKVARTERING AV ASYLSØKJARAR

Forsvarsbygg leverte forslag til konsept for innkvartering av asylsøkjarar.

Forsvarsbygg fekk den 17. november 2015 i oppdrag av Forsvarsdepartementet å utgreie generelle konsept for innkvarteringssenter for asylsøkjarar og berekne kva dei kan koste. Forsvarsbygg leverte tilrådinga si innan ein svært kort frist.

Prekær situasjon
Bakgrunnen for oppdraget var det prekære innkvarteringsbehovet som følgje av ei høg tilstrøyming av asylsøkjarar i 2015. Forsvarsbygg vart derfor spurt om å tilrå generelle konsept for å huse 1000, 3000 og 5000 personar.

Brei kompetanse
Konsepta byggjer på krav til løysing frå justissektoren og Forsvarsbygg si erfaring frå etablering av mellombels og permanente leirar for Forsvaret i Noreg og utlandet. Forsvarsbygg sette saman ei prosjektgruppe med kompetanse blant anna om prosjektleiing, bygging, drift og vedlikehald, plan og regulering og sikring av eigedom.

- Det er ei tillitserklæring at justissektoren etterspurde Forsvarsbygg sin kompetanse for å hjelpe nasjonen i ein vanskeleg situasjon, seier administrerande direktør Frode Sjursen.

Tilrår
I rapporten føreslår Forsvarsbygg korleis innkvarteringssentera kan sjå ut og kva det vil koste å etablere og drifte bygningsmassen. Tilrådinga inneber løysingar som er standardiserte, nøkterne og gjev ei forsvarleg innkvartering.

Tett samarbeid
Konsepta og kostnadsestimata vart utforma i tett dialog med UDI, som skal drifte asylmottaka, og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Det er opp til justissektoren å vurdere kvar i landet innkvarteringssentera skal liggje og kor store dei bør vere.

Rapporten finn du her: Her kan du lese heile rapporten

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.