Dette er dei viktigaste hendingane i kampflybaseprosjektet i 2015.
MAI: Forsvarsbygg inngjekk kontrakt med entreprenøren HENT AS om bygging av nytt skvadronbygg og eit vedlikehaldsbygg for dei nye flya.
Dette er det fyrste byggjeprosjektet i skipinga av hovudbasen for F-35. Skvadronbygget skal romme ein administrasjonsdel med kontor, møterom og garderobar for to F-35 skvadronar og ein vedlikehaldsskvadron. I tillegg skal bygget gje rom for simulatortrening med åtte F-35 simulatorar og utstyr for planlegging av operasjonar og øving. Bygget vil bli på 10 000 kvadratmeter.
JUNI: Forsvarsbygg gjer ei kraftig satsing på butilhøva inne på Ørland hovudflystasjon.
I slutten av juni vart to moderniserte befalskasernar formelt overleverte. Forsvarsbygg hadde renovert bygga, som opphavleg var frå 50-talet, til ein standard i tråd med dagens forskrift TEK 10. Dei to bygningane har til saman 44 hyblar.
Dei som jobbar på byggjeplassen, bur på det nyoppretta anleggshotellet. Forsvarsbygg legg stor vekt på ryddige og ordna tilhøve for dei som har sitt daglege virke i samband med bygginga.
Framføring av ny hovudinfrastruktur for F-35
Arbeidet blir utført av den lokale entreprenøren Thor Gjul AS. Entreprisen omfattar grunnarbeid, vegarbeid og tilknyting av infrastruktur.
AUGUST: Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer endeleg vedtak om reguleringsplanen for Ørland hovudflystasjon
Reguleringsplanen inneber at alle bustader i raud støysone vil få tilbod om innløysing. For gul støysone vil einskilde bustadseigarar få tilbod om støyisoleringstiltak for å sikre tilfredsstillande innandørs støyforhold. Forsvarsbygg vil vere ansvarleg for å greie ut omfanget av støyisoleringstiltaka.
Forsvarsdepartementet gjekk inn for at staten skulle kjøpe Hårberg skule. Regjeringa har informert om at dei i april vil leggje fram forslaget om kjøp av skulen.
DESEMBER: Forsvarsbygg inngjekk kontrakt med entreprenøren HENT AS om å byggje vedlikehaldsbygget.
Dette bygget skal gje eigna og nøkterne fasilitetar for vedlikehald av fly. Det bygget blir 12 000 kvm.
Forsvarsbygg inngjekk to kontraktar om forlenginga av rullebanen.
Rullebanen skal blir om lag 300 meter lengre i nordleg retning. Éin kontrakt gjekk på sjølve anleggsarbeidet, medan den andre kontrakten omfattar det elektrotekniske arbeidet.
Forsvarsbygg har kjøpt 35 støyutsette bustader.
Eit stort arbeid er lagt ned i forhandlingar om kjøp av bustader. 23 bustadhus vart kjøpte i 2015, og totalt er det kjøpt 35 bustader. Det vart òg inngått avtalar om kjøp av grunn for utviding av basen. Forsvarsbygg starta også med synfaringar av dei fyrste bustadene med omsyn til moglege støytiltak.
HEILE ÅRET: Opne møte og kontordagar for innbyggjarane
Gjennom heile 2015 har innbyggjarane fått leggje fram saka si med sakshandsamarar i Kampflybase i opne møte og kontordagane på Ørland. Til liks med dei føregåande åra har Forsvarsbygg lagt stor vekt på open og tillitsfull dialog med kommunen og ørlendingane. Samspelet med lokalsamfunnet og Forsvaret har heile tida vore ei rettesnor for oss i Forsvarsbygg kampflybase.