Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

administrerande direktør om 2015

2015 har vore prega av god måloppnåing, stor aktivitet og fokusert forbetringsarbeid.

Kundane er meir tilfredse
Tenestene våre skal gje Forsvaret funksjonelle bygg og anlegg der dei kan øve, trene og bu. «Bli betre!» var tilbakemeldinga vi fekk frå Forsvaret i 2013. Sidan då har vi jobba utrøytteleg med akkurat det. Ei større leigetakarundersøking mot Forsvaret, gjennomført av Tns Gallup i år, viser markant betring og aukande tillit til oss. Ei gledeleg stadfesting på at vi er på riktig veg, og samtidig ei påminning om at vi må halde fram arbeidet med same styrke for å vere den leverandøren som best mogleg stør opp under verksemda til Forsvaret. Eit av hovudtiltaka i 2015 har vore å gje Forsvarets personell auka serviceoppleving då vi tok over forvaltingsansvaret for bustad og kvarter ved inngangen til året. Tenesta er forbetra gjennom blant anna utvikling av «Basen», ei elektronisk løysing for å booke overnatting, søkje bustad eller melde feil og manglar. Endringar i forvaltingsansvaret har også bidrege til at alle kostnader forbunde med ordninga, har kome på bordet. Dette har medført prosessar der Forsvaret sine forventningar til eit berekraftig kostnadsnivå for tenesta er klarlagde. For å kunne få ned kostnadene til ynskt nivå, er det avgjerande at Forsvarsbygg får tildelt IT-midlar til å digitalisere tenesta. Digitalisering vil gjere det mogleg å effektivisere leveransen til det kostnadsnivået som forsvarssektoren kan akseptere.

Byggjeprosjekt som avtalt
Kampflybasen på Ørland er også i 2015 det viktigaste byggjeprosjektet for Forsvarsbygg, og vi er i rute til å ta imot dei fyrste F-35-flya i 2017, i samsvar med plan. Det står eit viktig og krevjande arbeid framfor oss med å gjennomføre grunnerverv og innløysing av eigedomar og bygningar på Ørland, i tråd med dei vilkåra som er fastsette. Som byggherre i sektoren har vi i 2015 gjennomført byggjeprosjekt for om lag 2,5 milliardar kroner, til avtalt kvalitet og innanfor dei gjevne rammene. I tillegg til Forsvarsdepartementet sine investeringsrammer for Forsvaret, har vi ein stigande portefølje av spesialprosjekt som skal leverast i eit 4-års perspektiv. Det fyrste nullenergibygget i sektoren, eit 2 200 kvadratmeter stort kontorbygg for FLO, vart ferdigstilt i desember på Haakonsvern.

Nøktern og verdibevarande forvalting
Tilstandsgraden for utleieporteføljen viser ei svak negativ utvikling og tilfredsstiller ikkje målkravet. Tilstandsgraden for festningsverka har hatt ei positiv utvikling og er betre enn målkravet. Ny eigedomsstrategi er utvikla for perioden 2016–2024. Denne vil bidra til prioritering av strengt nødvendige fornyingar innanfor stramme økonomiske rammer for investeringsverksemda. God verdibevaring er særleg krevjande for bygg og anlegg det ikkje blir betalt leige for, som ved utgangen av året utgjer 10,6 prosent av total portefølje. I 2015 har vi vore ein sentral rådgjevar i arbeidet med Forsvarssjefens fagmilitære råd. Vårt bidrag har vore å synleggjere effektiviseringspotensialet i EBA-porteføljen. Vi forventar at avgjerdene om ny langtidsplan for Forsvaret vil bidra til å betre balansen mellom tilgjengelege økonomiske midlar til fornying, og total EBA-portefølje i komande planperiodar.

I front på miljø 
Forsvarsbygg er ein aktiv bidragsytar for å oppnå klimamåla for Noreg. Energileiing, bruk av fornybar energi og redusert ressursbruk er viktige element i leveransane våre. Vi leverer betre enn måla vi sette oss for 2015. Etter å ha levert på måla i energileiingsprosjektet fase 1 (2007–11), er vi no inne i siste året av fase 2 (2012–16). Resultata av fase 2 til og med 2015 viser at vi har redusert straumforbruket i Forsvaret med ytterlegare 90 GWh. Prosjekt blir avslutta i 2016. Framleis merksemd på energileiing etter enda prosjektperiode vil vere avgjerande for å sikre kostnadskontroll på forsyningssida i sektoren.

Rekordår for festningane 
Vi har også i 2015 forvalta nasjonale kulturminne og kulturmiljø som kunnskapskjelder og grunnlag for opplevingar for befolkninga i dag og i framtida. 3,3 millionar besøkande på dei 14 festningane i 2015 er ein auke på 700 000 frå året før. Målbevisst effektiviseringsarbeid over år har levert den forventa resultatforbetringa på festningane. Frigjorde midlar er omprioriterte til auka vedlikehald, noko som viser seg i positiv utvikling på verdibevaringa av festningane.

Vi tek samfunnsansvar 
Overfor bygg- og anleggsnæringa har vi i samarbeid med andre offentlege aktørar gjennomført tiltak som kan førebyggje og avdekkje dårlege arbeidsforhold og arbeidslivskriminalitet. Vi har blant anna utarbeidd beste praksis for kontroll av arbeids- og lønsvilkår, og betra samhandlinga med andre aktørar. Vi har også styrkt interne kontrollrutinar. Vi har forplikta oss til eit offentleg samarbeid og ei kontinuerleg forbetring for å gjere byggjeplassane våre til ein tryggare arbeidsplass. Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg har i 2015 utført mange oppdrag for offentleg sektor elles innanfor samfunnstryggleik. Dette er eit viktig arbeid, som gjer oss til ein etterspurd leverandør i marknaden. Sal av tenestene har auka med 3 prosent i år, til saman 76 prosent sidan 2012. Vi ynskjer å vere ein samfunnsaktør som er til hjelp med kompetansen vår når det oppstår behov i og utanfor forsvarssektoren. På tampen av året fekk vi eit hasteoppdrag frå justissektoren om å greie ut konsept for mottakssenter for asylsøkjarar. Oppdraget vart levert på ein knapp månad, i tillegg til dei andre oppdraga våre.

Ein stadig meir effektiv organisasjon 
På eige initiativ har vi sett i verk mange forbetringstiltak i 2015, for å jobbe meir effektivt og redusere kostnader som kan frigje midlar i sektoren til verdibevaring. Ny økonomimodell og ei sterkare einsretting av økonomistyringa er implementert. Driftsprosessane i utleigeverksemda vår er grundig analysert, og tiltak for både å betre tenesta og redusere kostnader blir implementerte i heile organisasjonen i løpet av 2016. Eit arbeid med å standardisere byggjeprosjekt er sett i gang, med mål om å redusere investeringskostnadene. McKinsey & Company har gjennomgått potensialet i forsvarssektoren for modernisering og effektivisering av stabs-, støtte og forvaltingsfunksjonar. Mykje av det som blir belyst i denne analysen, er alt i prosess i vår organisasjon gjennom vårt interne kostnadsreduksjonsprogram MOT 2020, som skal sikre varige årlege innsparingar med 90 millionar kroner innan utgangen av 2020.

Stolte og dyktige medarbeidarar 
Forsvarsbygg har ei stabil arbeidskraft. I medarbeidarundersøkinga i år svarer 80 prosent at dei er stolte av å jobbe i Forsvarsbygg. Det er gledeleg. For over 400 av våre reinhaldstilsette har året vore krevjande. Dei har vist stor omstillingsvilje og stoltheit for tenesta dei leverer. I tett samarbeid med Forsvaret har vi gjennom året jobba med å sikre ei god overføring av reinhaldstenesta og dei tilsette til ISS frå våren 2016. Fram mot 2020 skal vi fusjonere dei to kompetansemiljøa våre på byggherresida. Føreseielege rammer for medarbeidarane våre er sentralt, og prosessen er derfor alt i gang. I tida framover blir det viktig å etablere tiltak som sikrar at nøkkelpersonell blir verande i Forsvarsbygg, etter at kampflybaseprosjektet er ferdigstilt.

Forsvarleg forvalting 
Forsvarsbygg har levert eit godt resultat innanfor ramma av forsvarleg forvalting og sektorkrava til haldningar, etikk og leiing. Risikoreduserande tiltak blir følgde opp som ein integrert del av verksemdsstyringa. I dei komande åra skal vi halde fram å skape gode resultat gjennom forsvarleg forvalting og evne til kontinuerleg forbetring. Riksrevisjonen hadde ingen merknader til Forsvarsbygg sin rekneskap for 2014.

Framtidsutsikter 
Forsvaret står overfor stor omstilling for å løyse oppdraget sitt. Forsvarsbygg må i åra som kjem, klare å tilpasse både organisasjonen og tenestene våre til ein sektor i kraftig omstilling.

Denne teksten er kapittel 1, Årsmelding frå leiaren, i Forsvarsbygg sin årsrapport for 2015.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.