ÅRET 2015
I 2015 ferdigstilte vi 39 byggjeprosjekt for Forsvaret. Blant desse finn ein forsvarssektoren sitt fyrste nullenergibygg på Haakonsvern, eit nytt kontorbygg for Communication and Information Systems Task Group på Jørstadmoen utanfor Lillehammer, og nye befalsforlegningar på Sørreisa. I tillegg til stor byggjeaktivitet, var 2015 prega av eit omfattande effektiviserings- og forbetringsarbeid. – Forsvarsbygg står, som resten av forsvarssektoren, framfor ei stor omstilling for å løyse oppdraget sitt, men det er ikkje tvil om at vi er godt rusta til å løyse oppgåva som forsvarssektoren sin eigedomsekspert også i framtida, seier Frode Sjursen, administrerande direktør i Forsvarsbygg..
Nyhetsvarsling
Få e-post når det kommer nye saker.