Ei stor øving som Nordic Response, produserte mengder med avfall og slam i eit stort geografisk område. Det må ryddast, hentas og leverast på deponi.
Rapporter så langt viser at det er tømt 60 tonn slam under heile øvinga, og det er tilbakelagd ca. 10 000 km for å få jobben gjort.
All eigedom, bygg og anlegg skal fungera og driftast i både fred, krise og krig.
Vertslandstøtte må fungera gjennom øvinga
Verstlandsstøtte under alliert øving og trening betyr mellom anna å sørgja for gode nok returpunkt for handtering av avfallet og slammet. Alliert trening og øving går føre seg året rundt, og Forsvarsbygg skal vera ein god vert.
Alle lokasjonar som blir brukte under øvinga skal driftast døgnet rundt, og dessutan sørgjer me for velfungerande avfalls- og sanitærsystemer.
I det store øvingsområdet i Finnmark var det sett ut både konteinarar og toalett, lett tilgjengeleg nær vegnettet.
Behov døgnet rundt
I Alta hadde Forsvarsbygg utstasjonert personell som var tilgjengeleg døgnet rundt, for å vareta små og store oppgåver. Oppfølging av ulike inngåtte avtalar, snøbrøyting, avfallshandtering og slamtømming, vart vareteke av Ida Løvland og Tommy Nord-Varhaug. Køyrelengda dei la bak seg var i samband i med Nordic Response.
Vel 4 600 km vart tilbakelagde innanfor øvingsområdet i perioden 1. – 18. mars.
Effektive timar
- Køyretida ble brukt til å svara telefonar og følgja opp utfordringar som blir melde undervis. Ein køyrar, og ein jobbar på telefonen og PC. Det er godt å vera i to-spann, fortel Ida.
Dialogen mellom Forsvarsbygg og Forsvaret har vore viktig for å vareta leveransane på ein korrekt og tilfredsstillande måte. Me har vore avhengige av tilbakemeldingane deira undervegs, for å gi den understøttelsen dei treng.