Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Skal leie drifta av 4 millionar kvadratmeter militær bygningsmasse

Jan Erik Johansen er tilsett som avdelingsdirektør for eigedomsforvaltning i Forsvarsbygg. Han kjem frå stillinga som teknisk direktør i Newsec Basale AS.  

Johansen har jobba med eigedomsdrift heile karrieren sin. Før han kom til Newsec i 2015, har han jobba til saman 21 år i Entra eigedom AS og Schibsted Drift AS.

- Eg er godt nøgd med at Jan Erik Johansen har takka ja til stillinga hos oss, og eg er sikker på at røynsla og kompetansen han har med seg vil bidra til at vi blir ein endå meir profesjonell eigedomsforvaltar for Forsvaret, seier direktør Thorbjørn Thoresen i Forsvarsbygg.

Blant dei største i Europa
Newsec er den nest største eigedomsforvaltaren i Europa og forvaltar over 30 millionar kvadratmeter bygningsmasse. Johansen har hatt ansvaret for den tekniske forvaltninga i den norske delen av selskapet som forvaltar totalt ca. 3,7 millionar kvadratmeter næringseigedom.

- Forsvarsbygg er ein stor og spennande aktør med eit breitt spekter av eigedom og anlegg, og eg gler meg til å bidra med bakgrunnen og erfaringa mi. Ikkje minst ser eg fram til samarbeidet med kollegaer over heile landet for å sikra godt forvalta og relevante fasilitetar til Forsvarets verksemd framover, seier Jan Erik Johansen.

 

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.