Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Skal avhende bygg i Gamlebyen i Fredrikstad

Forsvarsbygg har fått i oppdrag å avhende (selje) eigedommane til forsvarssektoren i Gamlebyen i Fredrikstad, med unntak av festningsmurar, vollar og portar. Bygga til forsvarssektoren i festningsbyen Gamlebyen består av 29 større og mindre bygningar.

Image "Fredrikstad gamlebyen.jpg" without description

- Vi har gått i dialog med Fredrikstad kommune for å planlegge for det vidare arbeidet med avhending av eigedommane til forsvarssektoren i Gamlebyen, seier Trond Eliassen, leiar for avhending hos Forsvarsbygg.

Avhendingsprosessen vil venteleg gå over fleire år, og medfører ingen endringar for allereie inngåtte leigekontraktar i Gamlebyen. Gamlebyen i Fredrikstad er i ein spesiell situasjon samanlikna med andre kulturhistoriske eigedommar forsvarssektoren eig, da det ikkje er ein festning, men ein bydel
der folk både bor og jobbar. Det er også andre og ulike eigarar av bygg i Gamlebyen.

Ei avhending av bygga i Gamlebyen legg til rette for god stadutvikling, samtidig som ein bidrar til betre vern og auka bruk av bygga. Forsvarsbygg har orientert Fredrikstad kommune i dag.

- Fredrikstad kommune stiller seg positiv til nye føresetnader for byutvikling som vil følgje av endra eigarskap til bygningane i Gamlebyen, seier Arne Sekkelsten, ordførar i Fredrikstad.

Forsvarsbygg forvaltar forsvarssektorens eigedom, bygg og anlegg, og det inneber mellom anna å syte for at eigedomsporteføljen i forsvarssektoren er innretta mot sektorens oppdrag.  I langtidsplana for forsvarssektoren er det ei målsetting å oppnå ein meir effektiv og berekraftig forvaltningsmodell for
eigedom, bygg og anlegg.

Avhendinga i Gamlebyen legg til rette for at andre aktørar kan utvikle eigedommane, samtidig som pålagde vernereglar knytte til eigedommane blir etterlevde. Forsvarsbygg skal levere en plan for avhendinga til Forsvarsdepartementet, innan 12. mai. 2025.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.