Kontrakten er tildelt Multiconsult AS.
– Vi har inngått den første avtala knytte til bygg og infrastruktur for nye ubåtar på Sjøforsvaret si hovudbase på Haakonsvern, seier vår direktør Thorbjørn Thoresen.
Sjøforsvaret si største investering nokon gong
Prosjektet for nye ubåtar har ei kostnadsramme på 42,2 milliardar 2018-kroner og er den største investeringa til Forsvaret etter nye kampfly.
– Vi skal planlegge for gjenbruk og oppgradering av ubåtrelatert infrastruktur på Haakonsvern, i tillegg til prosjektering av ny fasilitet for vedlikehald av dei nye ubåtane. Sjøforsvaret si hovudbase på Haakonsvern skal kunna ta imot og kunne halde ved like dei nye ubåtane når dei vert sett i teneste frå 2026 og utover, seier vår prosjektsjef Ole Jonny Eriksen.
2,5 milliardar kroner
Byggeprosjekta på Haakonsvern vil totalt vera i storleiksorden 2,5 milliardar kroner, og det er ei rammeavtale for prosjektering av dette som no er inngått. Forprosjektet vil vera gjenstand for ekstern kvalitetssikring før dette vert fremja for politisk vedtak, etter planen i 2019 .
For spørsmål, kontakt:
Vår pressevakt på tlf: 47 7777 47 eller epost: pressevakt@forsvarsbygg.no