Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Bergenhus festning rehabilitert for nær 60 MNOK

Tusen år gamle Bergenhus festning har fått eit skikkeleg lyft, og viser seg i ny drakt ved årets sommarsesong.

Fleire rehabiliterings- og sikringsprosjekt til ein verdi av nær 60 millionar kroner blei overleverte 31. mai i år. Det var Forsvarsbygg som sette i gong arbeidet ved festninga i 2009 på oppdrag frå Forsvarsdepartementet. Det har blitt gjort restaureringsarbeid over store delar av festninga, inkludert Kommandantboligen, Vestre kurtine, Nordpyntens batteri, Ballasttangen indre og ytre mur, Ingeniørbygget, Øvre Sverresborg, Vernepliktsverket, Norrønahallen, Magasinbygningen og Artilleribygget. Store brannsikringstiltak og andre mindre vedlikehaldsarbeid skal setjast i gong i løpet av året.

400 000 besøkende
Bergenhus Festning reknar med å ta imot nærare 400.000 besøkjande berre i perioden frå mai til september. "Vi er glade for at desse arbeida er gjennomførte. Festninga står no godt vedlikehalden og i forbetra stand til glede for alle brukarane våre," seier festningsforvaltar Tor Johan Morland. "Det tyder mykje at Forsvarsdepartementet som eigar gjer desse naudsynte prioriteringane for at kulturminna våre skal bli tekne best mogleg vare på. Forsvarsbygg ynskjer å ha opne og tilgjengelege festningar gjennom heile året," held han fram.

Unik kompetanse på kulturminnevern
Alt arbeidet er gjort på ein forsiktig og nøyaktig måte. Til dømes er alt murarbeidet gjort med tanke på å føre byggverka tilbake til original stand. Til det har ein brukt tradisjonelle metodar og tilnærma same typar materialar som blei brukte den gongen murane blei bygde. Forsvarsbygg nasjonale festningsverk har unik kompetanse på kulturminnevern, og arbeid på festningane blir gjort etter Riksantikvaren sine retningsliner for gamle byggjetradisjonar. Dette gjev dei beste resultata, og er med på å halde handverkstradisjonar i hevd. Forsvarsbygg nasjonale festningsverk har, med sin unike spisskompetanse på kulturminnevern, spela ei sentral rolle i rehabiliteringsarbeidet.

Nær 350 MNOK brukt på vedlikehold av festningane sidan 2008
Festningane er mellom dei viktigaste kulturminna i Noreg, og utgjer ein viktig del av den nasjonale kulturarven. Frå 2008 og fram til i dag er det brukt nærare 350 millionar kroner på å setje i stand murar og byggverk på festningane. Oppgraderingsarbeidet vil halde fram til 2015, med ei planramme på kring 62 millionar kroner per år.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.