Etter at Stortinget frigjorde festningane til sivilt bruk i 2002, fekk Forsvarsbygg i mandat å forvalte festningane til det beste for fellesskapet. Festningane skal tas vare på som nasjonale symbol med verdigheit på kulturminna sine premissar. Difor er det Forsvarsbygg sitt mål at festningane skal være opne, tilgjengelege og attraktive for alle besøkande som vil oppleve dei, seier Morland.
Sjølve Bergenhus festning har ein sentral plass i norsk historie, og er blant dei viktigaste kulturminna vi har. Festninga besøkast i dag av nærmare 500 000 menneskjer kvart år og konsertane har gitt gode inntekter til vedlikehald av festningsverka.
”Difor har vi bestilt en muligheitsanalyse for området”, seier festningsforvaltar Tor Johan Morland i Forsvarsbygg. Koengen skal halde fram som arena for store konserter, men Forsvarsbygg ønskjer nå å bringe liv og skape aktivitet i området heile året gjennom.
Bare konsertområdet er på totalt 20.000 kvadratmeter. I tillegg kjem dei fem bygningane som utgreies. Norrønahallen er på 1330 kvadratmeter, festningsmuseet er på 950 kvadratmeter, «Nr.27» er på 720 kvadratmeter, mens bygningen til Forsvarets Musikkorps er på 1960 kvadratmeter. I tillegg kjem det lange garasjebygget som politiet i dag nyttar.
Muligheitsanalysen, som blir utarbeida av Opus Bergen, er førebels ikkje klar. Analysen kjem i samband med den utviklingsplanen som Forsvarsbygg i samarbeid med Bergen kommune, Statsbygg og Bymuseet nå greier ut for «Middelalderbyen» Bergen. Dette må også sjåast i samanheng med Stortinget sitt vedtak frå 2002, som frigjorde festningane i Noreg til sivilt bruk.