Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Prestisjefull pris til Festningen hotell

Festningen Hotel & Resort på Kongsvinger festning er kåra til årets og Europas slottshotell.

​Festningshotellet gjekk av med sigeren blant dei tre andre nominerte på Barberstown Castle i Irland måndag 20. november 2017.

Prisen har namnet Historical Hotel Castle 2018 og vart delt ut i form av diplom og skilt til eigarane av festningshotellet.

At vi vart nominert som éin av tre til å vinna prisen var stort nok for oss! Utruleg hyggeleg og ikkje minst eit resultat av eit fantastisk samarbeid med Forsvarsbygg, uttrykte ein strålande nøgd hotelleigar Tony Eide via SMS på veg frå Irland.

Nytt liv på historisk grunn

Gjennom samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar legg Forsvarsbygg til rette for nytt liv på historisk grunn. Festningen Hotel & Resort er eit strålande døme på korleis dette fungerer i praksis, der det er utvikla eit hotell i ein gammal militærkaserne.

Det er stort i seg sjølv at vi vart nominert av alle historiske hotell som finst i Europa, uttrykkjer festningsforvalter Jonny Oskar Fjeld.

Festningsforvalteren har i år vore på festninga i 25 år og denne prisen vart ei flott markering for jubileet.

Eg ynskjer å retta all honnør til dei som driftar hotellet: dei har gjort ein kjempejobb! Samstundes bør det òg rettast ei stor takk til Forsvarsbygg og eiga vår Forsvarsdepartementet som har lagt til rette for dette. Dette er avgjerande for at historiske område og bygg kan gjerast tilgjengeleg for publikum.

Kongsvinger

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.