Pressemelding, 20.juni 2014, Kongsvinger festning
Møte dei gjestande med den teknologien dei brukar
QR-kode er den nyaste kanalen festninga no implementerer for å tilretteleggje for enkel informasjonstilgang for dei gjestande. Informasjonen som blir lasta ned her er eit faktabasert supplement til det materiellet som alt ligg føre for Festningsløypa.
Festningsløypa har totalt 15 punkt. Det er laga QR-kode på 9 av desse. QR-kode-formatet tek omsyn til små mobilskjermar, tekstane er utarbeidde nettopp med tanke på det, og dei blir samstundes visualiserte gjennom fine bilete. QR gjev også gode høve for å leggje inn film- og lydsnuttar der det er naturleg for å gjere historieforteljinga levande. QR-kodane på Kongsvinger festning kan du laste ned både på engelsk og norsk.
- Festningsforvaltar Jonny O Fjeld: Det er veldig hyggeleg å kunne tilby gjestane våre ein ny og moderne formidlingskanal. Vi er opptekne av å vere til stades på dei plattformene som gjestane våre er på, og håpar sjølvsagt at dette blir eit positivt tillegg til websider og facebook-sida til festninga.
Nytt liv på historisk grunn
Dei nasjonale festningene skal vere tilgjengelege og attraktive for publikum som rekreasjonsområde, og gjennom utvikling og tilrettelegging for lokalt kultur/- og næringsliv.
- Ivaretaking av informasjonsformidlinga er ein del av dette aspektet, og då er det viktig å bruke dei veletablerte kanalane, så vel som å ta i bruk dei nyare, avrundar festningsforvaltar Fjeld.