Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vinkasse ventar på neste miljøbyggvinnar

– Ei kasse alkoholfri vin ventar nå på det byggeprosjektet som kan dokumentera lågare energiforbruk enn vårt Visund-prosjekt på Haakonsvern i Bergen, seier prosjektleiar i Forsvarsbygg, Arild Lunde.

Sjå bilettekster nedst i artikkelen.

I sommar overtok Forsvarsbygg ei kasse vin for nullenergibygget sitt, kalla Visund, på marinebasen Haakonsvern i Bergen. Vinkassa har dei seinare år vorte ein uformell vandrepokal som har vandra mellom byggherrane som har hatt norgesrekorden for det mest energieffektive kontorbygget.

– Forsvarsbygg har dokumentert at Visund i Bergen berre nyttar 16,7 kWh pr. kvadratmeter pr år. Dette gjer Visund til Noregs mest energieffektive kontorbygg og mottok difor ei påskjøning i form av ei vinkasse frå GK i sommar, seier direktør marknad i GK Bjørn-Osvald Skandsen. GK overtok sjølv ei kasse vin frå Bellona i 2012 for sitt eige nye hovudkontor i Oslo.

– Tilbodet står no ved lag til neste prosjekt som kan dokumentera lågare energiforbruk enn Prosjektet til Forsvarsbygg, seier Lunde.

Ekstremt krav

Visund-prosjektet har hatt eit ekstremt strengt krav til energiforbruk på 16 kWh pr. kvadratmeter pr. år. Til samanlikning er den offentlege kravnorma på slike bygg i dag 150 kWh pr. kvadratmeter pr. år. Sidan Visund stod ferdig i 2015, har bygd vorte nøye overvåka for å passa på at bygget oppnår energikravet.

Sterk konkurranse

I byggebransjen i Noreg i dag er det sterk konkurranse om å byggja bygg med ekstremt lågt energiforbruk. – Vi reknar ikkje med å få sitja på denne vinkassa så veldig lengje. Mest sannsynleg kan vi gje vinkassa vidare innanfor utløpsdatoen på vina slik at vi slepp å kjøpa ny vin. Vi er spente på kven som slår oss på energiforbruk. Det hadde kanskje vore ekstra hyggeleg om det var eit offentleg bygg, seier Lunde.

Bergensværet ingen hindring

Til trass for at sommaren 2017 ein av dei våtaste somrane i minnet til mann i Bergen, halde solcellene på Visund koken. – Solcellene på taket har fungert særs godt og gjeve stor effekt sidan bygget stod ferdig for snart to år sidan. Dette til trass for at vi har hatt mykje dårleg vêr i Bergen dei siste to somrane.  Vi hadde på førehand berekna ein straumproduksjon på 55.000 kWh i løpet av året. Røynsla viser at anlegget produserer meir, og til tider mykje meir, enn straumforbruket i bygget. Då vert den overskytande straumen levert til nabobygga. Anlegget produserer straum året rundt, det er berre få dagar utan, seier Lunde.

Link arkitektur er arkitekt, medan Vegdekke har vore totalentreprenør for prosjektet. Prosjektet har fått støtte frå Enova og har vore pilotprosjekt for ZEB - Zero Emission Buildings ved SINTEF/NTNU.

Bakgrunn: Energirekneskapen frå første driftsår viser at Visunds energiforbruk allereie er svært nær det berekna energikravet på 16 kilowattimar (kWh) pr. år pr. kvadratmeter. Det er pr. dags dato norgesrekord. Til samanlikning er den offentlege kravnorma til energiforbruk på slike bygg på 150 kWh pr. kvadratmeter pr. år.

Mer fakta om prosjektet finner du her.

Bilettekster: Bilete 1: NORGESREKORD: Forsvarsbygg sin Visund-prosjekt innehar norgesrekorden i lågt energiforbruk for kontorbygg. Energiforbruket låg på 16,7 kWh pr. kvadratmeter pr. år i 2016 . Foto: Hundven-Clements Photography.

Bilete 2: VENTAR PÅ NY EIGAR: Ei kasse alkoholfri vin ventar no på Kontoret til forsvarsbygg i Bergen på det byggeprosjektet som kan dokumentera lågare energiforbruk enn Visund-prosjektet. Foto: Åsmund V. Sjursen.

Bilete 3: Solcellene på Visund held koken til trass for mye regn i Bergen. Foto: Hundven-Clements Photography.

Bilete 4: Prosjektleiarane til forsvarsbygg for Visund-prosjektet Linda Løtvedt Aas og Arild Lunde (th) mottok i sommar eit diplom og dessutan vandrekassa med vin frå direktør marknad i GK Bjørn-Osvald Skandsen. GK overtok sjølv vinkassa frå Bellona i 2012 for hovudkontoret sitt i Oslo. - Vi håpar å kunna gje vina vidare snart, seier Lunde. Foto: GK.

Bilete 5: I sommar overtok Forsvarsbygg vandrevinkassa for Noregs mest energieffektive bygg. Bak fv: Prosjektleiar GK Robert Hjertås, prosjektleiar byggautomasjon GK, Aleksander Orvedal, anleggsleiar Vegdekke Asbjørn Ruud, prosjekteringsleder Vegdekke Bjarte Hårklau, Føre fv: Prosjektleiar i Forsvarsbygg Linda Løtvedt Aas, prosjektleiar Forsvarsbygg Arild Lunde, prosjektutviklar GK Sverre Simonsen. Foto: GK.

 

 

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.