Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ørland: Varslar riving av 2 tomannsbustadar og garasjerekker

Forsvarsbygg har sendt ut nabovarsel om riving av bustadar på Kirkhaugen samt garasjane ved Tingvollen.

- I samråd med Forsvaret er det avgjort at den beste løysningen på lang sikt er å fjerne bustadar og garasjar for å få et mest mulig hensiktsmessig ytre perimeter (les: sikringen rundt flystasjonen), i høve til perimeterbehov, drift og kost/nytte-vurdering, seier Jens Levi Moldstad, utbyggingssjef i Forsvarsbygg.

Leigetakarar av bustadar og garasjar har fått informasjon om oppseiing og dei skal vere flytta ut innan utgangen av året. Riving av bustadar og garasjar er planlagt å ta til tidleg neste år.

Det vil og bli gjort skogrydding og fjellrensk i ytre perimeter-traseen langs Kirkhaugen og Kleivhaugen frå november til januar, og sprenging i same trase frå januar til mars 2019. Det jobbast nå med planlegging og informasjon om denne aktiviteten til grannar/berørte både innanfor og utanfor basen.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.