- Det er godt å komme i gang med realiseringa av prosjektet. Det er flott at vi har funne ein god måte å utnytte det gamle skulebygget på, seier fungerande utbyggingssjef, Laila Morønning.
Det nye idrettsbygget skal byggast i to etasjar og vil ha eit bruttoareal på om lag 3800 kvadratmeter. Det skal mellom anna innehalde rom for ulike typar treningsformer og kontorar. Det nye velferdsbygget er ei fornying og ombygging av gamle Hårberg skule, og får eit bruttoareal på om lag 4200 kvadratmeter. Det skal mellom anna romme ei ny kantine og lokalar til presteteneste, undervisning og andre velferdsaktiviteter. Velferdsbygget og idrettsbygget har planlagt ferdigstilling hausten 2021 og sommaren 2021.
- Vårt personell er vår viktigaste ressurs. Idrett- og velferdstilbod er avgjerande for korleis vi har det på jobb og i fritida, og nye bygg til velferd og idrett er særs etterlengta på flystasjonen, seier stasjonssjef, oberst Øivind Gunnerud.