Fordelinga av reaksjonar ved totalt 193 registrerte hendingar ved Grandefjæra, ga følgjande resultat:
- 62% ingen synleg reaksjon
- 4% einskild fugl undersøker forstyrringa
- 12% fleire/alle fuglar undersøker forstyrringa
- 17% fuglar skremmast opp men landar i same område
- 5% fuglar skremmast ut av området
Meir enn halvparten av registerte hendingar som avstedkom fluktreaksjonar kom i løpet av nato-øvinga «Trident Juncture», då aktiviteten på Ørland flystasjon var uvanleg høg.
2019 med F35 vil gje ny kunnskap
- Forstyrringane frå fly syner tilnærma like tilhøve som tidlegare år. Det viser at vi ikkje ser nokre større endringar i åtferd hjå fuglane andsynes innfasinga av F-35 kampfly. I 2018 var det F16 som hadde den dominerande flyaktiviteten. 2019 blir eit spennande år då F-35 vil utgjøre mykje av flyaktiviteten på Ørland, seier Torgeir Mørch, miljøsjef i Forsvarsbygg kampflybase.
Forsvarsbygg starta i 2015 opp undersøkingar av eventuelle forstyrringar på fuglar som oppheld seg i Grandefjæra. Alle typar forstyrringar som medfører endra åtferd og/eller flukt vert registrert. Undersøkingane har gitt god innsikt i kva for verknader flyaktivitet har på reaksjonsmønster hjå fuglane i naturreservatet gjennom året.