Proposisjonen inneheld godkjenning av kostnadsramme for nye eigedoms- og byggje- og anleggsprosjekt på Ørland: støytiltak på Forsvaret sine bygningar på flystasjonen, tiltak for å redusere støykonsekvensane for omgjevnadene og nye hangarar for F-35-kampfly.
Tiltak for å redusere støykonsekvensar
Som ein direkte konsekvens av reguleringsplanvedtaket og krav i arbeidsmiljølova vil det vere naudsynt å gjennomføre støytiltak på Forsvaret sin eigen bygningsmasse inne på Ørland flystasjon, og gjennomføre støyreduserande tiltak på sivil eigedom i støysonene utanfor sjølve baseområdet.
Komiteen viser til at det er behov for innløysing av i alt 313 bygningar og eigedommar utanfor basen, samt avhending, rivning eller sikring av disse. I tillegg kommer gjennomføring av støytiltak på nærmare definerte bygningar i støysonen i et omfang på anslagsvis 1 052 bygningar.
Prosjektet for å gjennomføre støyreduserande tiltak utanfor baseområdet til hovudbasen på Ørland er inndelt i tre underprosjekt:
1) Innløysing av bygningar og eigedomar utanfor baseområda med støysensitivt bruksføremål i samsvar med dei gjevne grenseverdiane frå reguleringsplanen. 2) Avhending, riving eller sikring av bygningar og eigedomar som vert innløyste. 3) Gjennomføring av støytiltak på bygningar med støysensitivt bruksføremål utanfor baseområda i samsvar med dei gjevne grenseverdiane i reguleringsplanen.
Totalt sett omfattar prosjektet avhending av inntil 313 bygningar.
Nye hangarer for F-35-kampfly
Hangarprosjektet inneber bygging av tolv hangarar, kvar med plass til to F-35, med ein robust konstruksjon som gjev tilstrekkeleg tryggleik mot inntrenging og godt vern mot ytre påverknad. Hangarane må stå klare seinast våren 2020.
Komiteen merker seg at det føreslås bygging av tolv hangarar, kvar med plass til to F-35-kampfly.
Etableringskostnadar
Dei auka kostnadane for å gjennomføre støyreduserande tiltak på Ørland og etablering av ny beskytta hangarløysing for F-35 er innanfor det kostnadsbilete Stortinget har slutta seg til for utbygginga av Ørland flystasjon som ny hovudbase for F-35, jf. Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016).
Vedtak
Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2017 kan starte opp nye investeringsprosjekt, medrekna større eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt, innanfor dei gjevne kostnadsrammene.
Les innstillinga og vedtaket fra Utenriks- og forsvarskomiteen her.