Prosjektet er gjennomført med to parallelle totalentreprisar – ei for innreiing/utstyr og ei for infrastruktur/anleggsarbeid. Koordinering mellom totalentreprisane er handsama av Forsvarsbygg som byggherre.
Innreiing-/utstyrskontrakten vart inngått i 2016 med Fitra System i Tyskland som totalentreprenør. Leveransen/entreprisen omfatta levering og montering av flymodell for simulering av ulike brannscenariar.
Totalentreprise infrastruktur/anleggsarbeide vart inngått i 2016 med Thor Gjul AS som totalentreprenør. Denne totalentreprisa omfatta tilkomstveger, spillvass-system, overvasshandsaming, faste dekkje, tekniske installasjonar mm..
Den største utfordringa i prosjektet har vært manglande referanseanlegg i Noreg og mykje av utstyrsleveransa har skjedd som prefabrikasjon i utlandet. Dette har medført eit stort fokus på avklåringar knytt til grensesnitt og tekniske løysningar, mellom dei to nemnde totalentreprisane. No er anlegget ferdig, - testa ut, og alt verkar slik det skal.