Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vaktbygg for soldatar skal byggast på nye Evenes flystasjon

Det er inngått kontrakt for bygging av det nye hovudvaktbygget for soldatane med Peab Bjørn Bygg.

Arbeidet med å vidareutvikla den nye basen for Forsvaret rullar vidare på Evenes. Dette bygget skal husa  vaktstyrken til Luftforsvaret.

Arbeidet med den nye basen for Forsvaret held fram på Evenes. Dette bygget skal huse vaktstyrken til Luftforsvaret.

Bygginga fortset

Dette er den andre kontrakten Peab-konsernet underteiknar for bygging inne på flystasjonen. Kontraktsummen er på vel 35,1 millionar kroner inkl. MVA. Peab Bjørn Bygg i Finnsnes er entreprenør.

- Vi er i rute med framdrifta på prosjekta for bygging av den nye basen til Forsvaret. Det er gledeleg med kvar kontrakt som er klar slik at bygginga kan starta, seier utbyggingssjef John Ommund Syvertsen.

Vidareutvikling av Forsvarets eigedom, bygg og anlegg, slik dette er eit døme på, skal syte for Forsvarets kampkraft. Dette er den andre delentreprisen i samband med «Trygging og Sikring» av basen.

Tilrettelagt for entreprenørar

Forsvarsbygg har  lagt vekt på gode tilhøve for anleggsfolka som jobbar inne på basen. Ved det administrative området er det anleggskontor, anleggshotell, kantine samt vaske- og treningsrom.

- Vi vil nytte anleggshotellet når vi riggar oss til på Evenes, og vi ser fram til å ta fatt på oppgåva på nye Evenes flystasjon, seier Lars Helge Hansen, distriktssjef i Peab Bjørn Bygg, Midt-Troms.

Faktum hovudvaktbygg

  • Byggherre: Forsvarsbygg
  • Entreprenør: Peab Bjørn Bygg AS, Finnsnes
  • Kontrakts sum: 35,1 millionar kroner inkl. mva
  • Entrepriseform: Generalentreprise
  • Storleik: ca 650 m2 på eit plan
  • Overtaking: Haust 2020
  • Bygget vil i hovudsak innehalde følgjande areal: Kontorlokale, møterom, garderobe, garasje, fellesareal, andre areal.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.