Noreg har ansvar for enorme havområde i ein strategisk viktig del av verda. Vi er avhengige av å kunna følgja med på, og forstå, kva som skjer i desse områda.
Hangaren på Evenes er klar til mottaket av P-8
- Vi ønsker «Viking» velkommen til Evenes i februar. Ein mellombels hangar, kontorfasilitetar og flyoperative flater er då klar til å ta imot det første maritime overvakingsflyet som skal operera frå flystasjonen. Vi fortset å bygga forsvarsevne med ein ny hangar til resten av dei fire flya som kjem seinare til Evenes, seier John Ommund Syvertsen, seksjonssjef for utbygginga av nye Evenes flystasjon.
Flyet blir levert på tid og kvalitet
- Når vi no mottar det første flyet både på tid og med den kvaliteten som er lova, så bidrar det til at vi får ein mest mogleg sømløs overgang mellom det maritime patruljeflyet i dag og framtida, seier direktør i Forsvarsmateriell, Mette Sørfonden.