Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tryggleiken aukast

Det skal byggast nye instrumentinnflygingsanlegg i begge rullebaneretningar på Bardufoss lufthamn.

- Forsvarsbygg skal i samarbeid med Avinor etablere nye anlegg som skal sikre innflyginga på Bardufoss lufthamn og som tilfredsstillar dagens retningslinjer etter krav frå luftfartsmyndigheitane, fortel prosjektleiar John Eivind Skogøy i Forsvarsbygg.

Målselv Maskin og Transport AS signerte ein kontrakt i september med Forsvarsbygg på 23,7 millionar kroner inkl. mva. for entreprisearbeida på prosjektet.

Forsvarsdepartementet har gjeve Forsvarsbygg i oppdrag å etablere det som trengs av bygningar, fundament og refleksjonsflater til instrumentinnflygingsanlegget. Forsvarsbygg har ansvar for dei anleggstekniske oppgåvene med opparbeiding av fyllingar, vegar og plassar, alt av el-tekniske anlegg fram til hytter og antenner, samt oppføring av hyttene.

Ansvaret til Avinor er prosjektering av alle hyttene med innvendige installasjonar og antennefundament, jordingsanlegg og intern kabelføring. Vidare har Avinor ansvar for innkjøp av alt teknisk navigasjonsutstyr, installasjon og driftsetting av desse.

Målselv Maskin og Transport AS har oppstart i oktober og skal vere ferdig til sommaren 2017. Etter sommaren vil Avinor gjere installasjonsarbeid, kontrollflyging og kunngjering av nye prosedyrar. Dei nye navigasjonsanlegga er venta tekne i bruk mot slutten av 2017.

Bilettekst:
FV: Jens Hugo Leiknes, prosjektsjef i Forsvarsbygg og Roar Femsteinevik, prosjektleiar i Målselv Maskin og Transport AS. Foto: Forsvarsbygg.

Bardufoss

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.