Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kontrakt ny befalsforlegning

Forsvarsbygg har inngått kontrakt med Backe Nordvest (tidlegare Lønnheim Entreprenør AS) om oppføring av befalsforlegning på Ørland hovudflystasjon.

– Avtalen om oppføring av befalsforlegningen
er viktig i bygginga av hovudbasen for nye kampfly F-35, som vil bidra til å
dekkje behovet for bustadar til befalet, seier Jens Levi Moldstad, plan- og
utbyggingssjef i Forsvarsbygg kampflybase.

Etter vedtaket om å etablere kampflybasen på Ørland er det satt eit styrka fokus på omfang, standard og storleik på forsvarsbustadane rundt omkring i kommunen, i tillegg til kvarter inne på basen.
- Satsinga på gode butilhøve representerer eit langt steg mot målsetjinga om å skape bu- og arbeidslyst for dei som jobbar på Ørland. Vi er nøgde med interessa for oppdraget, og det er gledeleg at eit firma med regional tilknyting når heilt til topps i anbodskonkurransen, seier Moldstad.

Kontrakten med Backe Nordvest, som er ein totalentreprise, omfattar oppføring av forlegning i tre etasjar med loft utan kjeller, 2453 m2 BTA. Total kapasitet er 50 kvarter med opphaldsrom, eige bad og sovealkove. Byggestart er planlagt i sommar, med ein byggetid på 11 månader.

 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.