Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Klart for byggestart på Sola

I dag inngjekk Forsvarsbygg kontrakt med AF Gruppen Norge AS . Kontrakten har ein verdi på omlag 130 millionar kroner.

Kontrakten gjeld oppføring av redningshelikoptertenesta si nye hovudbase på Sola. Spaden setjast i jorda mot slutten av oktober.

Forsvarsbygg skal på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet gjennom prosjektet NAWSARH (Norwegian All Weather Search and Rescue Helicopter, planlegge, bygge og drifte lokala for redningshelikoptertenesta sine seksten nye helikopter.

– Viktig prosjekt
 Dette er eit viktig prosjekt for samfunnet, og vi er stolte og glade for at vi no inngår denne kontrakten med AF-gruppen, seier direktør Erik Øimoen i Forsvarsbygg. Han signerte kontrakten saman med direktør Hans Olav Storkås frå AF Gruppen.

Seks basar
Seksten moderne redningshelikopter skal leverast til redningstenesta fram til 2020. I samband med dette skal Forsvarsbygg legge til rette eigedom, bygg og anlegg for helikoptera og mannskapane deira på til saman seks basar i Noreg, nærare bestemt Rygge, Sola, Florø, Ørland, Bodø og Banak.

Forsvarsbygg skal bygge og drifte nye verkstaddokker, kontorar, administrasjon og tilstedevakt. På kvar stad vert det plass til tre helikopter. På Sola vil det i tillegg bli bygt eit leiingsbygg for Luftforsvarets 330 skvadron.

Gruppebilete over frå venstre: Direktør Erik Øimoen (Forsvarsbygg), totalprosjektleiar Odd Erik Martinsen (Forsvarsbygg) og direktør Hans Olav Storkås (AF Gruppen Norge AS).  Foto: Trond Enemo. 

Illustrasjon av bygget: Longva Arkitekter AS/Forsvarsbygg

For meir informasjon ta kontakt med:
Totalprosjektleiar Odd Erik Martinsen, mob 930 67 846

Beliggenhet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.