Skvadronbygget er det første byggeprosjektet i skipinga av den nye hovudbasen for F-35. Bygget skal etter planen stå ferdig i slutten av 2016, og vil vidare gjerast klart til dei første kampflya kjem hausten 2017.
- Vi er svært nøgde med den store interessa for oppdraget i bygge- og anleggsbransjen. HENT AS har gitt det beste tilbodet og har gjennom konkurransen synt at dei er godt førebudde til byggeoppdraget, seier Jens Levi Moldstad, plan- og utbyggingssjef i Forsvarsbygg kampflybase.
Kontrakten gjeld oppsetting av eit 10 000 kvm stort nybygg. Det vil innehalde ein administrasjonsdel med kontor, møterom og garderobar for to F-35-skvadronar og ein vedlikehalds-skvadron. I tillegg skal bygget gi plass til ein simulatorening med åtte F-35-simulatorar og fasilitetar for planlegging av operasjonar, trening og øvingar.
- Vi ser no fram til den viktige byggestarten for skvadronbygget som tek til i løpet av våren, seier Moldstad.
Forsvarsbygg tok i mot fem tilbod, der leverandørane og fekk anledning til å gjennomføre forhandlingsmøter med mulighet til å levere betra tilbod. Val av leverandør er fatta på bakgrunn av følgende kriterier; pris, tilbydt kompetanse, og entreprenøren si gjennomføringsplan.
Stortinget vedtok i 2014 å bygge det nye skvadronbygget. Regjeringa har i vår tatt til orde for ytterlegare investeringar på Ørland, med skiping av mellom anna vedlikehaldsbygg, for å gjere flystasjonen budd på å ta i mot dei første nye flya i 2017.