Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Reguleringsplan for Ørland hovudflystasjon handsama

Torsdag 13. november vart reguleringsplan for Ørland hovudflystasjon handsama i Ørland kommunestyre. Forsvarsbygg har fremja innseiing til plana og venteleg vert den teke vidare til Fylkesmannen.

Ørland kommune sitt høyringsforslag vart handsama og vedteke utsendt på høyring av kommunen sitt planutval i juni 2014, etter at den hadde vore oppe for drøftingar med Forsvarsbygg. Høyringsfristen var 1.september og det kom inn om lag 30 høyringsfråsegn til plana, inklusiv innseiing frå Forsvarsbygg.

Forsvarsbygg fremja innseiing
Ørland kommune og Forsvarsbygg er ikkje samde om vesentlege delar av reguleringsplana, og Forsvarsbygg har fremja innseiing på plana si avgjersle for både grenser for innløysing og innandørs støynivå.

Det har vore eit godt samarbeid mellom partane undervegs i planarbeidet, og ein har vore samde om mykje. Nokre tema er att å verte samde om, mellom anna kring grenseverdiar for støy, etablering av gang- og sykkelveg mellom Uthaug og Hårberg skule, bruk av veg for transport fram til byggje- og anleggsområdet, etablering av våtmarkspark og omstende kring Hårberg skule.

Forsvarsbygg sitt forslag til reguleringsplan frå januar 2014 innehald grundige konsekvensutreiingar med tilhøyrande tiltak for å avdempe negative verknader av kampflybasetiltaket. Enkelte av krava som no vert vedteke av kommunen står ikkje, etter Forsvarsbygg sitt synspunkt, i forhold til konsekvensane av tiltaket.

Innseiinga har verte fremja til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, med Ørland kommune som kopiadressat. Fylkesmannen samordna høyringsfråsegn frå alle statsetatane/sektormyndigheitene og sende desse samla til kommunen.  

Vidare handsaming
I fylgje normal prosedyre vil plana med innseiing verte sende til mekling hos Fylkesmannen. Viss det ikkje vert semje mellom partane, Ørland kommune og Forsvarsbygg, vil saka gå vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for avgjersle. Eit eventuelt vedtak av departementet kan ikkje verte klaga på.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.