Stortinget har vedteke at hovudbasen for Forsvaret sine nye kampfly skal lokaliserast og etablerast ved Ørland hovudflystasjon. Som oppfylging av Stortinget sitt vedtak fekk Forsvarsbygg i oppdrag å etablere den nye hovudbasen for F-35 på Ørland.
Olaf Dobloug, direktør hjå Forsvarsbygg kampflybase seier seg nøgd med regjeringa sitt framlegg.
- Det er ein gledjeleg sak. Det er det første store delprosjektet vi har lagt fram. Vi tek sikte på å vere ferdig innafor dei gjevne rammene. Det blir hektisk, men dette skal vi klare, seier Dobloug.
Skvadronsbygget er det første byggjeprosjektet i etableringa av den nye hovudbasen for F-35 på Ørland. Byggestart er vinteren 2015 og bygget må stå ferdig allereie våren 2016 for mottak av dei første fire simulatorane for F-35 som vert leverte gjennom kampflyanskaffinga.
Skvadronsbygget vil innehalde ein administrasjonsdel med kontor, møterom og garderobar for to F-35-skvadronar, simulatorskvadronen og vedlikehaldsskvadronen. I tillegg skal skvadronsbygget gi plass for ei simulatoreining med åtte F-35-simulatorar og fasilitetar for planlegging av operasjonar, trening og øving for F-35-skvadronane med tilhøyrande brief-/debriefrom og tekniske rom.
Prosjektet for etablering av eit nytt skvadronsbygg for F-35 på Ørland er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 619 millionar kroner.